VERDENSMAGASINET X: Fordi verden er større 12.06.2015


Adresse:
Verdensmagasinet X
Postboks 4699 Sofienberg
0506 Oslo 
redaktor@xmag.no
Vietnamesisk blåsosialisme

Snart tretti år med heftig kapitalistisk flørt har gitt den Sosialistiske republikken Vietnam sterk økonomisk vekst og raskt aukande levestandard , men samtidig etterlatt lite sosialisme i praksis

Arve Hansen, Stipendiat, Senter for Utvikling og Miljø ved Universitetet i Oslo
21.04.2014
Del på Facebook

Dei store forandringane i Kina får forståeleg nok mykje merksemd i media, men dei har ein nabo i sør som gjennomgår like store omveltingar. Vietnam er i Norge fyrst og fremst kjent for krig, kommunisme og strender, men representerer også ein av dei store «utviklingssuksessane» i verda dei siste tiåra. Etter at landet gjekk inn for grundige reformer i kapitalistisk retning - kjent som Doi Moi (fornying) - frå slutten av 80-talet, har landet opplevd imponerande sterk økonomisk vekst, saman med det som blir rekna som ein av dei raskaste reduksjonane av ekstrem fattigdom gjennom tidene. Samtidig med dette har ulikheitene auka, noko som set dei framleis uttalte sosialistiske ideala om eit egalitært samfunn i fare.

 

Sosialistisk marknadsøkonomi?

I følgje det vietnamesiske kommunistpartiet har dei innført marknadsreformer for å styrke og redde det sosialistiske prosjektet, ikkje for å gå vekk frå det. I Vietnam er derfor ikkje reformene sett på som innføring av kapitalisme, men som ein overgang til ein «sosialistisk orientert marknadsøkonomi» - i følgje partiet ein unik ny modell som kombinerer det beste frå to verder. Kapitalisme er eit ord som på vietnamesisk framleis kling sterkt av vestleg imperialistisk aggresjon, og er det kommunistpartiet alltid har definert seg sjølv som ein motpol til. Men ei reell sosialistisk orientering i praksis må ein leite godt etter om ein skal finne.

Tenker ein reint økonomisk og politisk, er det ingen tvil om at Vietnam framleis inneheld mange av dei trekka som har vore typiske for såkalla sosialistiske statar. Staten har framleis eit rimeleg godt grep om økonomien, fyrst og fremst gjennom statseigde selskap og ulike regelverk for investeringar, men samtidig blir utanlandske og nasjonale private aktørar stadig viktigare. Politisk sett er kommunistpartiet einerådande i eit strengt leninistisk hierarki, og val utover representantar i partiet finnast ikkje. Ingen fri presse eller talefridom eksisterer, demokratiforkjemparar blir stempla som terroristar og kritiske journalistar og bloggarar blir fengsla. I tillegg er det politiske systemet bygd opp av celler heilt ned til nabolag, noko som saman med ei stor politistyrke gjer at staten nasjonalt kan ha relativt god kontroll over kva som hender i samfunnet. Men sjølv om desse trekka har vore typiske for statar som har kalla seg sosialistiske, er dei på ingen måte i seg sjølve sosialistiske.

 

Blåsosialismen

Vietnam fortener mykje ros for sin kamp mot fattigdom. Men samtidig har innføringa av marknadsøkonomien gjort at mange av dei tradisjonelle velferdsgodane no har blitt vanskelegare tilgjengelig for folk flest. Statlege tilskot til helse og utdanning er drastisk reduserte, og kostnadane har blitt svært høge. Innanfor skulesystemet gjeld dette spesielt vidare utdanning etter barneskule, noko som har ført til at det fyrst og fremst er dei rikaste som har råd til høgare utdanning. Dette vil truleg på sikt auke dei sosiale skilnadane ytterlegare. Helsetenestar er særleg dyre dersom ein skulle trenge sjukehus, men ein vanleg legevisitt gjer også store innhugg i økonomien til dei fattigare delane av befolkninga (noko som saman med total liberalisering av farmasøytiske tenester har gjort sjølvmedisinering urovekkjande populært). Dei offentlege tilskota til helsesystemet er no så låge at Verdsbanken, sjølve nyliberalismen si høgborg, meiner den sosialistiske staten brukar for lite pengar på helse. For å legitimere denne vendinga har kommunistpartiet så godt som omdefinert sosialisme, og kallar reformene «sosialisering» i den offentlege retorikken, med den grunngjevinga at heile samfunnet kjem saman og spleisar på utgiftene.

Kva er då eigentleg igjen av vietnamesisk sosialisme? Såpass lite kan det sjå ut til, at forskarar har byrja å referere til landet som ein post-sosialistisk stat. Sjølv om der er ein viss misnøye blant somme lag av folket, ser det ut til at staten framleis nyt legitimitet gjennom økonomisk vekst og dei positive effektane dette har for folk flest – om enn i svært ulik grad. Det er ingen tvil om at dei aller fleste vietnamesarar har fått det betre, i alle fall materielt sett, med reformene og den økonomiske utviklinga. Men utvikling er meir enn auka inntekter, og om ein form for sosialisme framleis skal vere eit mål har den vietnamesiske staten store utfordringar framover om den skal reversere trenden og følgje opp dei imponerande økonomiske prestasjonane med å bygge eit samfunn basert på likskap. Om ein så bak lukka dører har bestemt seg for at kapitalismen likevel er framtida, veit vi uansett at eit sosioøkonomisk sett likare samfunn også der vil prestere betre på dei aller fleste felt. Utan auka sosial investering og fokus på fordeling kan ein av verdas store utviklingssuksessar stå i fare for å feile.

Del på:

Tips en venn

Fotoserie


Historiske forsider

I 2011 markerer Verdensmagasinet X 20 år som magasin med et bredere utsyn mot Verden. her er noen av forsidene fra de første ti årene


Se fotoserie | Alle fotoserier

Xotisk mat
Den lille shawarma-prinsen
- Det er ikke rart kebab er blitt populært i Norge - nordmenn har jo bare hatt disse pølsene som gatekjøkkenmat, erklærer Issam Elyoussef til X. - Men det er her på libanesiske Lille Amir vi lager skikkelig shawarma, understreker han.
Les mer | Xotisk mat

xmag.no er et redaksjonelt uavhengig nettmagasin som inneholder artikler og saker fra Verdensmagasinet X. Verdensmagasinet X og xmag.no utgis av Fellesrådet for Afrika, Latin-Amerikagruppene i Norge, Studentenes og Akademikernes internasjonale hjelpefond (SAIH) og Utviklingsfondet.